Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Arverett 2

  1. Peder Ås set opp eit testament som seier at alt han etterlét seg, skal gå til kusina, Marie Tastad. Han signerte testamentet og tok dokumentet med seg ut for å få underskrift av vitne. Først møtte han naboen Jonas Bø. Peder fortalde at dokumentet var eit testament, og sa at underskrifta var hans eiga. Deretter sette Jonas sin signatur på dokumentet. Dagen etter oppsøkte han kollegaen Arvid Monsen og bad han signere dokumentet som vitne. Arvid fekk ikkje vite kva slags dokument det var, men stolte på at Peder av formelle grunnar trong ein signatur. Dokumentet blei ikkje datert.
  2. Helene set opp testament til fordel for handballklubben Kula, der ho har spela handball i mange år saman med dei to venninnene Merethe og Marit. Marit hadde også i ein periode vore medlem av styret i handballklubben. Under ein fest med veninnene viste Helene fram testamentet som var ferdig skrive og signert av henne. Merethe og Marit signerte deretter som vitne.
    Helene døydde barnlaus nokre år seinare, og det oppstod tvist mellom slektsarvingane og handballklubben om testamentet var formelt gyldig.
  3. Ragna var ei barnlaus enkje på 80 år som budde i ei leilegheit på Frogner. Ein dag blei ho kjend med familien Ås, som også budde på Frogner. Ei av døtrene i familien, Trine Ås, hadde mykje samvær med Ragna. Då Ragna blei avhengig av rullestol, gav ho uttrykk for at Trine skulle få ta over leilegheita på Frogner når Ragna ein dag ville døy. Til gjengjeld skulle Trine kome dagleg til Ragna og sørgje for reinhald og matlaging, og med jamne mellomrom ta med Ragna på rullestoltur i Frognerparken. Ragna skreiv avtalen på eit papir og signerte. Fem månader seinare døydde Ragna, og det oppstod tvist mellom slektsarvingane etter Ragna, tre nieser etter den avdøde søstera til Ragna, og Trine om kven som skulle få leilegheita. Det viste seg at leilegheita var mykje verd, kr 10 000 000. Det var ikkje andre større eigedelar i dødsbuet etter Ragna.
  4. Lektor Peder Ås eig eit lite fly. Ein dag han var på vengjene, begynte motoren å fuske, for så å stanse heilt. Flyet var tomt for bensin. Han kalla opp næraste flygeleiar, Lars Holm, og orienterte om situasjonen. Samtidig bad han flygeleiaren om å gjere det som var nødvendig for at sambuaren, Helene Kolle, skulle arve alt han etterlét seg dersom han skulle omkome under naudlandinga. Flyet styrta og Peder omkom. Han etterlét seg kr 4 000 000, to søner frå eit tidlegare sambuarforhold og sambuaren sin. Flygeleiarsjefen, Trude Bjerk, høyrde lydopptak av samtalen mellom Lars og Peder.
    Det oppstod tvist mellom sønene og Helene om arven og «testamentet».
  5. Johan Rød døydde og etterlét seg kr 3 600 000. Aktuelle arvingar var ektefellen Siri, to barn og seks barnebarn etter ei avdød dotter. Han etterlét seg også eit testament som sa at Vålerenga fotballklubb skulle få så mykje som mogleg av det han etterlét seg. Siri visste at Johan hadde skrive testament, men ho kjende ikkje innhaldet.
  6. Sturla etterlét seg kr 9 000 000 då han døydde. Det blei funne eit testament som ektefellen, Anne, ikkje hadde kjennskap til. Der stod det at så mykje som mogleg av det han etterlét seg, skulle gå til fetteren, Aron, som han hadde hatt mykje kontakt med. Andre aktuelle arvingar var sonen Arthur, fire barnebarn etter den avdøde sonen Bjørn og åtte barnebarn etter den avdøde dottera, Agnethe. Korleis skal buet delast?
  7. Edvald døydde utan ektefelle eller sambuar og etterlét seg kr 1 800 000 og ei hytte på Beitostølen som var verd kr 3 000 000. Han hadde to søner, Kristoffer og Marius, og ein nevø, Petter, etter ei avdød søster. Edvald og Petter hadde hatt eit nært og varmt forhold. Det var grunnen til at Edvald hadde skrive eit formelt gyldig testament der det stod at nevøen skulle få hytta på Beitostølen. Ved oppgjeret blei det tvist om testamentet mellom livsarvingane etter Edvald, og Petter.
  8. Lise Bjerk var sambuar med David Gran då ho døydde, og etterlét seg kr 2 400 000. Lise hadde ei dotter, Anita (18 år), frå eit tidlegare sambuarskap. David meinte han hadde krav på arv etter Lise etter eit sambuarskap som hadde vart i over seks år, og sidan han hadde vore som ein far for Anita, dottera til Lise. Anita var ikkje einig.
  9. Ida døydde og etterlét seg sambuaren Elisabeth som medmor til Frida (12 år). Dødsbuet etter Ida var kr 1 800 000. Ida hadde skrive eit testament der det stod at Frida skulle arve kr 1 500 000. Testamentet hadde vore ukjent for Elisabeth. Det oppstod tvist om arven mellom Frida og Elisabeth.
  10. Ottar og Turid var sambuarar då Ottar døydde. Då han døydde, eigde Ottar ein bustad med innbu som var verdt kr 2 000 000, ein motorsykkel til kr 100 000 som berre han kunne bruke, og ein bankkonto med kr 500 000. Turid eigde ingenting. Paret hadde to barn, Julius og Camilla. Det oppstod tvist om arveretten til Turid då ho ville ta over heile buet uskifta.