Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Deling av formuen ved samlivsbrudd

  1. Peder og Marte var einige om å bli separerte, og 19. januar 2017 sende dei krav om separasjon til fylkesmannen. Dei blei separerte ved løyve frå fylkesmannen av 12. februar 2017. Marte hadde flytta frå Peder 2. januar 2017. Kort tid etter at ho flytta frå Peder, vann Marte ei hytte i eit lotteri på ferie- og fritidsmessa i Lillestrøm. Trekkinga fann stad 15. januar, og Marte fekk vite at ho hadde vunne ei veke seinare, 22. januar. Peder meinte at hytta skulle vere med i felleseiget, og at verdien skulle takast med i grunnlaget for likedeling. Vel den løysinga som er mest i samsvar med gjeldande rett.
  2. Ved skiftet av felleseiget mellom Marte og Peder eig Marte verdiar for kr 320 000 og Peder verdiar for kr 80 000. Peder har ikkje gjeld, men Marte har studiegjeld som står til rest med kr 300 000.

    Kva får kvar av ektefellane når buet skal delast? Kva for ei løysing vel du?

  3. Ved skiftet av felleseiget mellom Kari og Petter eig Kari verdiar for kr 320 000 og Petter verdiar for kr 80 000. Petter har ikkje gjeld, men Kari har studiegjeld som står til rest med kr 400 000.

    Kva for ei løysing vel du?

  4. Peder og Marte hadde vore gifte i tre år då Peder arva ein einebustad etter foreldra sine. Ved overtakinga var eigedommen verd kr 1 800 000. Han måtte ta opp eit lån på kr 1 200 000 for å løyse ut og betale den arven dei to søskena hans hadde krav på. Då ektefellane blei skilde etter åtte år, var lånet betalt ned med kr 600 000. Bustaden var framleis verd kr 1 800 000. Kor store verdiar kan Peder krevje skeivdelte?
  5. Ekteparet Karsten og Vera budde i ein bustad som blei kjøpt etter at ekteskapet blei inngått. Huset blei kjøpt for kr 4 000 000 og finansiert med fellesgjeld på kr 3 000 000. Eitt år etter kjøpet arva Vera kr 1 500 000 frå foreldra sine. Ho brukte straks kr 1 000 000 av pengane og betalte ned gjelda på bustaden til kr 2 000 000. Dei neste tre åra blei resten av arven brukt på reiser, feriar og dagleg hushald. Ekteparet skal skilje seg, og buet skal delast. I denne samanhengen krev Vera skeivdeling for arva midlar. Vel den løysinga som er mest i samsvar med gjeldande rett.
  6. Reidar og Stine hadde vore sambuarar i 10 år og gifte i tre år då dei valde å gå frå kvarandre. Dei hadde felles ansvar for to ungar på 11 og 12 år, og begge hadde jobb. Roar tente meir enn dobbelt så mykje per år som det Stine gjorde som musikar, og ho hadde i nokså lange periodar ikkje hatt inntekt. No tente Reidar om lag kr 700 000 i året, medan Stine tente kr 250 000.

    For åtte år sidan flytta dei inn i eit hus som Reidar kjøpte for kr 2 000 000, etter å ha arva kr 2 000 000 frå foreldra sine. Huset er no verd kr 6 000 000. Av verdistiginga går ein ut frå at kr 3 000 000 skriv seg frå marknadsutviklinga i bustadmarknaden, medan resten, kr 1 000 000, skriv seg frå investeringar som nytt kjøkken, ny parkett, legging av brustein på gardsplassen m.m.

    Dei var einige om delinga av alle andre eigedelar enn bustaden. Reidar kravde noverdien av heile bustaden halden utanfor deling (skeivdeling), men Stine var av motsett oppfatning. Vel den løysinga som du reknar med er mest i samsvar med gjeldande rett og rettspraksis.

  7. Kari var gift med Ole då ho studerte jus. Ho finansierte studia og det daglege tilværet med eit studielån som stod til rest med kr 400 000 då ho arva kr 600 000 frå foreldra sine. Ho brukte straks arven til å kvitte seg med studielånet. Resten, kr 200 000, blei brukt til feriar og daglege utgifter. Ektefellane eigde i alt kr 1 000 000 då dei bestemte seg for å skilje seg. Vel den løysinga som er mest i samsvar med gjeldande rett.
  8. Steinar og Torgeir gifta seg i 2015. Eit halvt år tidlegare hadde Steinar arva ein landstad etter foreldra sine. Landstaden var verd kr 2 000 000, men det hefta ei pantegjeld på kr 600 000 ved eigedommen, og denne måtte Steinar ta over. I byrjinga av januar 2017 braut samlivet saman, og no skal buet skiftast. Pantegjelda er betalt ned til kr 300 000. Landstaden er framleis verd kr 2 000 000. Vel den løysinga som er mest i samsvar med gjeldande rett.
  9. Anne og Bernt blei sambuarar i 2005, dei gifta seg i 2007 og skilde seg i 2017.

    I samband med delinga av formuen har det oppstått tvist om skeivdeling. Anne hadde kjøpt ei leilegheit i 2005 for kr 1 000 000 rett før ho blei sambuar med Bernt. Bustaden blei finansiert med sparepengane til Anne og eit pantelån på kr 600 000. Leilegheita blei pussa opp med mykje hjelp frå Bernt og vener. Paret fekk barn, og begge bidrog til det daglege hushaldet og i omsorga for ungane. Då dei gifta seg i 2007 hadde leilegheita og lånet framleis same verdi som på kjøpstidspunktet.

    Ved skilsmissa i 2017 hadde ekteparet berre uvesentlege verdiar i tillegg til leilegheita. Lånet var framleis på kr 600 000, men verdien på leilegheita hadde på grunn av bustadmarknaden stige til kr 2 000 000. Vel den løysinga som du meiner er korrekt og mest i samsvar med gjeldande rett.

  10. Anja og Even hadde vore gifte i 25 år då dei skilde seg. Det oppstod tvist om delinga fordi Anja kravde skeivdeling for verdien av den felles bustaden til paret, som no var verd kr 9 000 000. Andre verdiar i felleseiget var berre kr 1 000 000. Bustaden var ein arv av barndomsheimen til Anja som ho tok over for 20 år sidan. Taksten den gongen var kr 3 000 000. Anja hadde dei siste åra tent godt som høgsterettsdommar. Even hadde stort sett vore heime med omsorg for ungar og ansvar for dagleg hushald. Han var no arbeidslaus. Vel den løysinga som du meiner er mest i samsvar med gjeldande rett.
  11. Kjell var gift med Trine då han arva hytta til foreldra på Sørlandet, som den gongen var verd kr 1 000 000. Hytta blei teken over med særeigeklausul. Ho blei seinare modernisert og pussa opp for kr 800 000. Oppussinga blei delfinansiert ved at Kjell tok opp eit lån på kr 500 000. Hytta er no verd kr 3 000 000. Felleseiget til ekteparet var kr 2 000 000. Kjell og Trine skal no skiljast, og formuen skal delast. Kva for ei løysing samsvarar best med gjeldande rett?
  12. Berit var gift med Ronny. Ho hadde teke med seg ein Harley Davidson motorsykkel inn i ekteskapet. Han var verd kr 90 000. Berit har kredittkort med ei kredittgrense på kr 100 000. Utan å seie noko til Ronny tok ho ut heile kreditten i kontantar og reiste til Sverige for å kjøpe vin, øl og sigarettar. Ho smugla varene til Noreg og hadde til føremål å skaffe seg ei urettmessig vinning, men ho blei teken i tollen. Varene blei beslaglagde. Dette førte til at Ronny ville skilje seg. Felleseiget i tillegg til motorsykkelen var på kr 400 000. Berit kravde frådrag for kredittkortgjelda, men det motsette Ronny seg og hevda at det var eit utilbørleg ran av felleseigemidlar om Berit skulle få medhald i eit slikt krav. Vel den løysinga som samsvarar best med gjeldande rett.
  13. Petra drog på jentetur til Las Vegas, og det førte til ei auka kredittkortgjeld på 80 000 kroner. Ektefellen, Tobias, ønskte jentene god tur, men likte dårleg at rekninga blei så stor. Han kravde derfor skilsmisse.

    Petra hadde for ei tid sidan fått eit måleri i gåve frå far sin. Det viste seg at måleriet var verdt kr 250 000. Resten av felleseiget til ektefellane var sameigeting som blei verdsette til kr 500 000. Begge ektefellane hadde studiegjeld på kr 120 000 kvar. Vel det delingsforslaget som er mest i samsvar med gjeldande rett, og som sikrar rettane til den enkelte så godt som mogleg.