Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

KAPITTEL 4 Erstatningsrett

KAPITTEL 4 Erstatningsrett

Erstatningsretten tek utgangspunkt i at det er gjort ein skade, og handlar om vilkåra for plikta skadevaldaren har til å erstatte skaden. Det er også reglar for fastsetjing av erstatninga. Skadeserstatning føreset at erstatningsvilkåra er oppfylte, og at det er ein ansvarleg skadevaldar som har økonomisk evne til å gjere opp for seg.

Erstatningsretten i moderne form er knapt 150 år. Historisk sett har lovgivinga hatt ei beskjeden rolle innanfor dette feltet. Rettspraksis og juridisk litteratur har dominert. I dag speler lovgivinga ei meir aktiv rolle. Skadeserstatningslova er eit døme på at gammal rettspraksis har vorte til skriven lov. Mange av reglane er likevel lite konkrete, og derfor er rettspraksis framleis ei sentral rettskjelde i erstatningsretten.


Sentrale lover i erstatningsretten er:

Skadeserstatningsloven av 13. juni 1969

Bilansvarslova av 3. februar 1961

Produktansvarsloven av 23. desember 1988

Nye reglar: Kva er ei motorvogn?